Innlegg

Møt moodmakeren Fjordingen – den hippe og kule matadoren i hagen.

 

 

Med sin heraldiske framtoning minner moodmakeren Fjordingen oss på røtene våre.

Fjordhesten vert reikna for å vere ein av dei eldste hesterasane i verda. Den har sterke røter til Vestlandet og har såleis vore ein viktig samarbeidspartner som har vore med på å byggje landet vårt. Dagens fjording er eit resultat av meir enn 2000 års vestlandsk temjing og avl. Mest sannsynleg stammar han frå den mongolske villhesten Przewalskij som heldt til på steppene i Midt Asia.

Fjordhesten har hatt lite innblanding frå andre hesterasar og har difor behalde mange av dei ’primitive’ teikna som ein elles berre finn hjå ville hesteraser. Fjordhesten har sju slike urteikn, noko som gjer han unik.

Eit dyr som har betydd mykje i avlen blir kalla ein matador. Njål 166 vert rekna som fjorhestens far og har hatt stor innflytelse på rasen. Andre matadorer er Gange Rolv I 42 og Håkon Jarl 645.

I vikingtida var fjorhesten nytta til å trekke vikingskip anten det skulle sjøsetjast eller dragast over eit fjell. Dei brukte han som framkomstmiddel, til underhaldning eller til å ri på i strid. Ei arv frå vikingane vi framleis nyttar, er å klippe manen slik at den blir ‘ståande’.

Fjordhesten har gått frå å vere ein traust, tålmodig og arbeidsam travar, til verte ein hipp og spenstig uimotståeleg sjarmør

Sjølvsagt var Disneyfilmen Frost med på å byggje opp under denne nye imagen til hesten, men grunnlaget var alt lagt. Dei siste 40 åra har fjordhesten vore brukt både i sprang, dressur og køyring med vogn. Innanfor desse greinene av hestesport krevst det god kjemi og sterke band mellom ryttar/kusk og hest. Ein kan vel seie at den nye tida for fjordhesten starta då Anders Lefdal realiserte draumen sin om eit eige Fjordhest senter på Nordfjordeid. Hest med ryttar vart eit vanleg syn i sentrum og ein kunne oppleve fartsfylte show med akrobatikk på hesteryggen. I kjølvatnet av dette kom det hesteline ved Fjordane folkehøgskule.

Fjordhesten har alltid hatt god kjemi med mennesket. Fordi den har vore open, tillitsfull, sterk og villig til å samarbeide, så har han vore uerstatteleg som arbeidskraft fram til traktoren overtok på byrjinga av 50-tallet.

Viljestyrke og pågangsmot er grunnleggande eigenskapane som gjer både hest og folket i fjordane til fjordingar.

 

Les meir om fjorhesten på http://www.norsk-fjordhestsenter.no/

Slik går du fram for å dekorere Fjordingen:

Bruk buljongtråd på kryss og tvers i hestehovudet. Plasser hesten i ei høg, gjerne litt smal krukke. Plasser steinar på og kring foten på stativet slik at det vert ståande beint og stødig. Legg på ein duk og fyll på med jord, ca 30-40cm. Bruk til dømes ein pasjonsblomst, ca 1,5-2 meter lang, og vikl den oppetter stammen på hesten. Smett rankane inn mellom buljongstrengen i hovudet og surr etter for å forsegle planten. Lat planten utfalde seg inne i hovudet på hesten. Kjem planten utanfor er det lett at hestehovudet forsvinn. Etter kvart som planten veks, held ein fram med å smette rankane inn mellom strengen. Ein kan òg late den vekse nedover att i stammen slik at stammen får eit kraftigare uttrykk. Plant gjerne nokre låge plantar nedst i krukka for setje farge på blomsterarrangementet. Andre klatreplantar som kan eigne seg er til dømes thunbergia, klokkeranke, blodranke og eføy. Av lave plantar kan du til dømes nytte ein kombinasjon av hengelobelia, spansk margeritt og solknapp.

 

 

Møt Rintintin – speloppmakaren og gledespreiaren i hagen

Moodmakeren Rintintin står for livsglede.

Moodmakaren Rintintin har fått namnet sitt etter ein hund eg passa i oppveksten. Rintintin var dvergbulldogg og ikkje særleg vakker av utsjånad. Til gjengjeld var han full av sjarme og ein skikkeleg speloppmakar som elska nysteikte bollar. 

Rintintin var ofte heime hjå oss i helgane då eigaren var på reise. Eg syntes det var stas å lufte han då eg alltid  fekk so mykje merksemd. Alle eg møtte hadde ein kommentar og prata til meg som om dei kjende meg. Eg forstod raskt at eg hadde ein verdfull kommunikasjonsnykjel i Rintintin. Eg sa difor alltid ja, når eg vart spurt om å passe han.

Det hende at Rintintin fekk nokre tullebyger, vart spinnvill og stakk av. Ein av dei fyrste gongane eg passa han måtte eg stenge meg inne i ein telefonkiosk på Fina og ringe heim til mamma etter hjelp. Rintintin sto og glefsa oppetter kiosken då mamma kom syklande med nysteikte bollar. Då han fikk bolle av mamma roa han seg fort. Eg hugsar eg vart skikkeleg fornærma på han og ville ikkje ha noko med han å gjere. Heile resten av den dagen dilta han etter meg med senka hovud og triste auger, som for å syne meg at han angra seg. Eg prøvde lenge å oversjå han, men til slutt klarte eg ikkje å motstå det vemodige og såre blikket hans. Eg heiv meg rundt halsen hans og snart var det heile gløymt. Etter denne episoden var vi dei beste venene i verda.

Det har vore mange hundar i livet mitt etter Rintintin. Rocky, Tassen, Duncan, Buddy, Bamse I og Bamse II, Tinka og ikkje minst Emma. Alle hundar eigd av familie og gode vener. Hundane har alle gjort inntrykk på kvar sin spesielle måte. Felles er at dei alle har møtt meg med forventning og eit ope og godt sinnelag. Dei er nokre fine vesen hundane. Eg trur vi kan lære mykje av desse firbeinte venane våre om vi slepp dei inn i hjarta våre.

emma

Uansett kva utfordingar hunden har, så lograr han med halen og møter oss med forventning og glede. Det kan synes at hundar aldri har ein dårleg dag.

 

Hageskulpturen Rintintin   

Denne hageskulpturen har ei klo som du enkelt kan stikke i jorda anten det er i ei krukke eller i eit blomsterbedd. Ein kan nytte plantar i forskjellige høgder eller ein kan nytte ein klatreplante som veks oppetter hunden. Dersom ein nyttar låge plantar, for eksempel sukkulentar, kan ein kombinere desse med steinar, skjel og drivved. Konglar er òg supre som botndekke.

IMG_2302

Blodbegerplanten er blitt ein favoritt i hagen. Om du nyttar buljongtråd på kryss og tvers i kroppen, kan du styre veksten slik at planten dekker dei områda du ønskjer. Det er ein fordel at hovudet ikkje vert dekt til då det vil virke forstyrrande på utsjånaden. Blodbegerplanten står lenge utover hausten om du skjermar den mot kulda. Det kan du gjere ved å dekke planten med eit klede.  Om potta ikkje er for tung, kan du ta planten innomhus for å forlenge vekstsesongen.  Om hausten kan du plukke frø frå planten for å så dei i januar.

Katt nummer 2 ut av sekken

Møt Aristokatten, Det Gylne Snitt-katten som står for sjølvtillit.

Aristokatten er sofistikert, trendy og elegant i sitt uttrykk. Han elsker merksemd og trivast der han blir lagt merke til. Difor vil han ta seg godt ut ved inngangspartiet ditt og ta imot besøkande på ein verdig og fin måte. Sjå meg, høyr meg, respekter meg, er bodskapen til denne katten.

Der er ein gjensidig respekt mellom kattar og menneskje, eit samspel som knyt sterke band. Huskatten får stort sett gå fritt omkring, vi har ingen dressur eller stiller ingen store krav til den. Likevel kan huskatten knyte seg like sterkt til menneskje som ein hund gjer, men dei kryp ikkje for nokon og let seg heller ikkje diktere. Når ein katt ønskjer noko gjev han beskjed. Det er vanskeleg å ignorere ein katt som ønskjer kos, mat eller merksemd. Den krev både å bli høyrd, sett og respektert.

Vi ønskjer å bli sett som dei menneska vi er, dei vi er bak fasaden. Difor er Aristokatten ein påminnar om at vi må våge oss utpå, vise oss fram og heve stemma. Kreve respekt for den vi er og ikkje late oss trakke på. Det er lov å vere litt konge og tru at ein er noko. Tore å vere seg sjølv. Menneskje som byr på seg sjølve er lette å like. Risikoen er ikkje såååå stor☺

Aristokatten er sjølvaste Det Gylne Snitt-katten. Han er utforma og inspirert av det gylne snitt.

Aristokatt-hovud

Det Gylne Snitt står for harmoni. Sei at du har ei linje som du deler i to deler, ein kort og ein lang del. For at du skal ha delt linja rett etter det gylne snitt, må forholet mellom den lange delen og hele linja vere det same som forholdet mellom den lange delen og den korte delen.

gylnesnitt

Utreikna i tal så er det gylne snitt kalkulert til å være 1,618. I eksempelet over vil det sei at den store delen er 1,618 ganger lengre enn den korte, medan heile linja er 1,618 ganger lengre enn den store delen.

Det Gylne Snitt finn vi att i naturen, til dømes i plantar, konglar, sneglehus, solsikker og til og med på kattar.

 

det-gylne.snitt

Ønskjer du å finne meir informasjon om det gylne snitt? Då kan du lese meir her: http://www.numerologensverden.no/fibonaccirekka-det-gylne-snitt-og-tallet-9

Framgangsmåte:

Aristokatten har ein høg stamme. Den er designa til ei høg krukke. Proporsjonane vert best om potta er cirka ein meter høg. Då kjem katten skikkeleg til sin rett.

Set skulpturen i krukka, fyll opp med stein rundt stammen slik at den står stødig. Bruk gjerne nokre tunge steinar og fyll opp cirka 2/3 av krukka. Legg på eit lag med aviser eller ein duk. Fyll på jord og plant dei plantane du ønskjer.

AristokattenAnbefalt plante: Pasjonsblomst- Passiflora caeruela

Pasjonsblomsten fins i mange forskjellege variantar. Det er ein tropisk klatreplante som likar mykje sol og varme, men den er meir hardfør enn kva ein kunne tru. Eg har veldig gode erfaringar med planten og har faktisk erfart å ha den ståande i hagen til langt ut på våren. Dette heng sjølvsagt saman med korleis vinteren er, og i utganspunktet tåler den ikkje frost, men vert det gradvis kaldare tilpassar den seg endringane godt.

Når du kjøper planten kjem den ofte vikla rundt ein bøyle. Løys planten forsiktig ved å tre den fram og tilbake gjennom bøyla. Når det er ei runde att, løyser du bøyla frå potta. Du har no ein plante som ofte er togreina og har ei lengde på over 2 meter. Ein perfekt plante til å vikle på Aristokatten. Den kortaste greina viklar du rundt halen og den lengste langs kroppen og opp mot hovudet. Etter kvart som planten veks viklar du berre vidare. Vert planten utsett for mykje vind, kan det vere lurt å feste den med litt bast på endane for å sikre planten. Bruk god plantejord og tilsett langtidsgjødel i jorda. Du vil oppleve rik blomsting gjennom heile sesongen og langt utover hausten. Pasjonsblomsten elskar å slynge seg rundt dette stativet. Det er ein fryd å oppleve samspelet. Når ein plantar so tett, er det viktig å vatne ofte, spesielt i varme, tørre periodar. Her er det i tillegg til pasjonsblomst nytta tofarga mini-surfina og rosa margeritt. Det er viktig at forma til katten kjem fram. Unngå difor høge plantar, men bruk heller ein kombinasjon av lave plantar og hengeplantar i tillegg til klatreplanten som veks oppetter sjølve skulpturen.

Symbolikk:
Frå latin: Passio, liding, og flos, blomst.

PasjonsblomstDet var en spansk oppdagar og misjonær i Sør-Amerika som satte navnet pasjonsblomst på planteslekta Passiflora. Den katolske misjonæren meinte at blomsten symboliserte Jesu korsfesting. Tre arr på griffelen representerte dei tre naglane som blei brukte for å feste Jesus til korset. Dei fem støvbærarane sto for dei fem såra på kroppen, medan den flotte kransen av kvite og purpurfarga filament som omkransar dei indre delane av blomsten liknar den legendariske tornekrona.

Ti kronblad symboliserte dei ti trofaste apostlane (Peter og Judas var utelatne fordi dei svikta Jesus). Dei handforma blada og slyngtrådane viste handa og pisken til dei som anklaga Jesus. Blomsterfargane kvit og purpur var eit symbol for det reine og himmelen. Før blomsten opnar seg skikkelig kan den ligne på stjerna som blei sett av dei tre vise menn.

Fyrste katten ut av sekken!

Hei, møt Jegeren.

Han er den fyrste katten som kom til på Det Gylne Snitt. Med si tydelege form, klare trekk og enkle uttrykk, er han ein leiken katt som du kan ha mykje moro med.

Jegeren er ein påminnar om å kjenne på fridomskjensla si. Han sjølv elskar sin fridom og er ofte ute på jakt og frieri. Han kjem ikkje heim før ut på morgonkvisten for å få seg mat og kvile seg til neste økt.

Kattar er individualistar, sjølvstendige einstøingar som trivst best i eige selskap. Det er kanskje det vi beundrar mest hjå kattane, at dei stort sett gjer som dei vil. Vi ser opp til dei fordi dei er sjølvstendige og fri. Vi menneske har ansvar og plikter og kjenner ofte på at vi korkje har tid eller råd å gjere det vi vil.

Som gründer føler eg meg i slekt med katten. Eg har handla ut frå eigne ønskje fordi eg har trong til å skape. I løpet av åra eg har drive eiga verksemd, har eg tileigna meg kunnskap og erfaringar som no gjev meg ei indre ro og ein tryggleik på at ting ordnar seg. Akkurat som katten landar eg alltid på beina. Til sjuande og sist handlar det om å ha tru på og om å vere tru mot seg sjølv. Slik som Andrè Bjerke seier det:

Men når det som rørte ved deg gav tone. Når din egen puls gav rytme til handling. Når du var ett med det som sitret i deg. Da var du tro!

Utdrag henta frå Andrè Bjerke sitt dikt; du skal vere tro

Fridomskjensle

”Å vere tru mot seg sjølv er ei fridomskjensle”

Så med ein Jeger i full blomst oppfordrar eg deg til å gjere det som får deg til å kjenne på fridomskjensla, anten det er å gå seg ein tur på fjellet, realisere draumane dine eller å nyte ein kopp te i trappa.

Jegeren-bloggJegeren kan dekorerast på fleire måtar. Her har eg nytta greiner frå Sibir cornell. Den djupe raudfargen på greinene står godt til dei rosa georginene og den rosa hengelobeliaen. I tillegg dannar dei eit nettverk som plantane kan lene seg mot eller klatre etter. Ein klokkeranke er planta i krukka og etterkvart vil den slynge seg oppetter greinverket Eg har nytta kvit afrikalilje for å ta att den kvite krukka. Dette for å skape ei god heilheit.

Så for å lage ei god heilheit på blomsterarrangementet ditt bør du:

  • Velje ut ein farge du vil skal dominere.
  • Bygg ut fargane.
  • Dra ned fargen mot krukka ved hjelp av ein hengeplante
  • Varier høgdene på plantane du nyttar slik at alle vert godt synlege.
  • Ta att fargen i krukka.

Spenningar får du ved å bruke kontrastar i linjer, tekstur, fargar og former.

Lykke til!