Innlegg

Møt Rintintin – speloppmakaren og gledespreiaren i hagen

Moodmakeren Rintintin står for livsglede.

Moodmakaren Rintintin har fått namnet sitt etter ein hund eg passa i oppveksten. Rintintin var dvergbulldogg og ikkje særleg vakker av utsjånad. Til gjengjeld var han full av sjarme og ein skikkeleg speloppmakar som elska nysteikte bollar. 

Rintintin var ofte heime hjå oss i helgane då eigaren var på reise. Eg syntes det var stas å lufte han då eg alltid  fekk so mykje merksemd. Alle eg møtte hadde ein kommentar og prata til meg som om dei kjende meg. Eg forstod raskt at eg hadde ein verdfull kommunikasjonsnykjel i Rintintin. Eg sa difor alltid ja, når eg vart spurt om å passe han.

Det hende at Rintintin fekk nokre tullebyger, vart spinnvill og stakk av. Ein av dei fyrste gongane eg passa han måtte eg stenge meg inne i ein telefonkiosk på Fina og ringe heim til mamma etter hjelp. Rintintin sto og glefsa oppetter kiosken då mamma kom syklande med nysteikte bollar. Då han fikk bolle av mamma roa han seg fort. Eg hugsar eg vart skikkeleg fornærma på han og ville ikkje ha noko med han å gjere. Heile resten av den dagen dilta han etter meg med senka hovud og triste auger, som for å syne meg at han angra seg. Eg prøvde lenge å oversjå han, men til slutt klarte eg ikkje å motstå det vemodige og såre blikket hans. Eg heiv meg rundt halsen hans og snart var det heile gløymt. Etter denne episoden var vi dei beste venene i verda.

Det har vore mange hundar i livet mitt etter Rintintin. Rocky, Tassen, Duncan, Buddy, Bamse I og Bamse II, Tinka og ikkje minst Emma. Alle hundar eigd av familie og gode vener. Hundane har alle gjort inntrykk på kvar sin spesielle måte. Felles er at dei alle har møtt meg med forventning og eit ope og godt sinnelag. Dei er nokre fine vesen hundane. Eg trur vi kan lære mykje av desse firbeinte venane våre om vi slepp dei inn i hjarta våre.

emma

Uansett kva utfordingar hunden har, så lograr han med halen og møter oss med forventning og glede. Det kan synes at hundar aldri har ein dårleg dag.

 

Hageskulpturen Rintintin   

Denne hageskulpturen har ei klo som du enkelt kan stikke i jorda anten det er i ei krukke eller i eit blomsterbedd. Ein kan nytte plantar i forskjellige høgder eller ein kan nytte ein klatreplante som veks oppetter hunden. Dersom ein nyttar låge plantar, for eksempel sukkulentar, kan ein kombinere desse med steinar, skjel og drivved. Konglar er òg supre som botndekke.

IMG_2302

Blodbegerplanten er blitt ein favoritt i hagen. Om du nyttar buljongtråd på kryss og tvers i kroppen, kan du styre veksten slik at planten dekker dei områda du ønskjer. Det er ein fordel at hovudet ikkje vert dekt til då det vil virke forstyrrande på utsjånaden. Blodbegerplanten står lenge utover hausten om du skjermar den mot kulda. Det kan du gjere ved å dekke planten med eit klede.  Om potta ikkje er for tung, kan du ta planten innomhus for å forlenge vekstsesongen.  Om hausten kan du plukke frø frå planten for å så dei i januar.

Katt nummer 5 ut av sekken

 

Møt Sofaslitaren – Livsnytaren som vil minne deg på å slappe av.

Sofaslitaren-hovud

 

Han gjev deg godt samvit, Sofaslitaren, der han kroar seg ved sidan av deg i solstolen. Det er ferietid og hagen er rette staden å nyte livet. Omgitt av alt det grøne vert du rolig, avslappa, harmonisk og mild.
Å leve i år 2000 krev mykje av eit menneske. Vi skal fikse det meste og halde oss oppdaterte på alle område. Miksen av alle desse rollene som ein skal meistre, kan lett føre til stress og i verste fall utslag av utmatting. Heile den tida vi er vakne utset vi oss i tillegg for støy i form av lydar og visuelle inntrykk. Det vert lite rom for stillheit i ein hektisk kvardag.
Katten bryr seg fint lite om det er støy og ståk rundt han. Han evnar å koble av når han sjølv vil det. Har han fyrst innteke godstolen, gidd han ikkje løfte blikket eingong, sjølv om du lokkar med mat og andre godsaker. Har ein siesta så har ein siesta.
Å kvile, er noko av det viktigaste vi kan gjere for oss sjølve. Logge av mentalt og nullstille oss. Det er nettopp dette Moodmakeren Sofaslitaren vil formidle. Han vil at du skal stoppe opp og ta deg tid til å roe ned og nettopp nyte livet. Bli ett med deg sjølv og ta livet inn gjennom sanseapparatet.
Sommar er ikkje berre ferietid. Mange har prosjekt i form av måling av hus, legging av nytt tak, prosjekt som gjerne er avhengig av opphaldsvèr. Med få soldagar er det fort gjort at alle dagane går med til arbeid. Då er det ekstra viktig å snike inn nokre pausar i hengekøya og tenke; tida går ikkje, tida kjem…….

Sofaslitar2

”Frå dovenskap fødes kreativiteten. Det er når din sjel får ro, at den kan få vingar” ukjent

 

 

Slik går du fram:
Sofaslitaren er ein tredimensjonell hageskulptur. Han kroar seg i ein svak boge. Ei avlang smal krukke eller ei litt stor rund krukke kan passe godt til denne katten. Fyll opp krukka med leca eller grus. Lat det vere att ca 30 cm til jord som du tilset langtidsgjødsel. Plasser katten oppi krukka så den står stødig. Plant til med dei plantane du ønskjer og får plass til. Om du brukar litt buljongtråd kan du lage eit nettverk mellom ryggvirvlane til katten, slik at det er lettare å få ein plante til å vekse over mellomromma. Ein kan til dømes nytte hengebjørk som er lett å forme om ein ønskjer ein litt fyldigare katt. Om ein nyttar blodberger slik eg har gjort, tek det litt tid før planta veks seg stor nok til å dekke katten. Når denne planten fyrst skyt fart og kjem i blomst, gjev den til gjengjeld eit frodig og vakkert uttrykk som varer til langt ut på hausten.
Andre plantar som kan vere aktuelle å nytte på Sofaslitaren er til dømes: pasjonsblomst, hengelobelia, sølv wasserfall, gul vandrefredløs, ynde og eføy.

IMG_6490Sofaslitaren-frodig

Katt nummer 3 ut av sekken

Møt Gatas Skrekk, katten som står for viljestyrke

Denne katten skyt rygg, klar for å angripe ei kvar utfordring han måtte møte. Han er uredd, har full kontroll og er sjef. Nettopp dette vil Moodmakeren Gatas Skrekk minne deg på, at det er du som bestemmer og at du får til det du vil få til!

Gatas Skrekk veit kvar hen grensa går, for den har han lina opp og markert. Ingen kjem inn på hans territorium utan løyve.

Å setje grenser i eige liv kan vere vanskeleg. Det er så lett å la seg lede. For å klare å setje grenser i eige liv, må ein vere bevist på kva ein ønskjer, kva verdiar ein har og kva for mål ein har. Om ein ikkje har dette klart for seg, vert ein fort ein reiskap for andre sine impulsar. Brått har ein via livet sitt til å leve opp til andre sine forventingar.

Det hender at ein kan sjå kattar ta sats for å hoppe frå eit tak og ned på ei smal grein eller ein gjerdestolpe. Ein kan sjå at katten nøler eit sekund før han berre plutseleg bestemmer seg og tek spranget. Han landar kanskje litt i ubalanse, men hentar seg for inn att. At det var eit vågalt sprang er det ingen tvil om. Katten hadde ikkje klart det spranget om han sjølv ikkje hadde lyst og trudd på at han skulle klare det. Kattar er fulle av mot og viljestyrke. Vi kan lære mykje av å studere sjefen i gata.

Ein treng ein sterk vilje for å oppnå det livet ein ønskjer seg. Bak ein sterk vilje ligg det sjølvdisiplin, forsaking og evne til å tåle motgang. Ein bør tøye komfortsona si – utfordre seg sjølv litt. Prøve nye ting, anten det er å hoppe i fallskjerm eller å snakke i ei forsamling. Viljestyrke driv deg til å meistre.

Gatas Skrekk skal minne deg på at du får til det du vil få til. Ingenting er umuleg. Det umulege tek berre lengre tid. Så alt som du kan drøyme om, kan du gjere! Det er ingen grunn til å utsette ting. Hopp i det og lev livet ditt slik du vil det skal vere. Du er regissøren og vala er dine.

Framgangsmåte

Plasser Gatas Skrekk i krukka slik at den tverrgåande stonga kjem i høgde med toppen på krukka. Om krukka du har er veldig djup, kan du legge litt stein i botnen for å få skulpturen i rett høgde. Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel. Det kan vere spennande å feste på nokre greiner vrihassel for å gje ekstra volum til skulpturen. Om ein ikkje har tilgong på desse greinene, kan ein nytte pil, cornell og andre mjuke greiner som er lette å forme. Det fungerer òg fint utan greiner. Planten har tross alt ramma å klatre rundt.

Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel.

Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel.

Gatas skrekk -15

Gatas Skrekk

Pasjonsblomsten med sine klatre-eigenskapar er perfekt i desse skulpturane og det er fleire sortar å velje i. (Sjå innlegg om Aristokatten). Andre plantar som eignar seg kan til dømes vere, kaprifol, clematis og bergeføy. Nyttar ein desse plantane bør ein følgje opp plantane slik at dei ikkje tek overhand og dekkjer heile skulpturen. Litt beskjæring og litt hjelp til å klatre på rett plass, kan vere nødvendig. Ein kan òg merkje seg at både caprifol og bergeføy vil stele både næring og mykje plass i krukka. Det kan difor vere vanskeleg å kombinere desse plantane med andre vekstar dersom krukka ikkje er stor nok.

Hengeplantar i kombinasjon med halvhøge plantar gjev krukka ein frodig utsjånad. Fargepaljetten bestemmer du.

Har nytta blå hengelobelia, spansk margeritt og mulenbeckia – pletter i luften, i tillegg til pasjonsblomst.

Gatas-skrekk-greiner

Gatas skrekk

Corylus avellana contorta Vrihassel veks seint, men er ei super-spennade busk å ha i hagen. Greinene er som små kunstverk og kan anten nyttast aleine eller for å skape kontrastar og volum i blomsterarrangement. Meir om dette i seinare blogg-innlegg.

Corylus avellana contorta
Vrihassel veks seint, men er ei super-spennade busk å ha i hagen. Greinene er som små kunstverk og kan anten nyttast aleine eller for å skape kontrastar og volum i blomsterarrangement. Meir om dette i seinare blogg-innlegg.

 

 

 

Fyrste katten ut av sekken!

Hei, møt Jegeren.

Han er den fyrste katten som kom til på Det Gylne Snitt. Med si tydelege form, klare trekk og enkle uttrykk, er han ein leiken katt som du kan ha mykje moro med.

Jegeren er ein påminnar om å kjenne på fridomskjensla si. Han sjølv elskar sin fridom og er ofte ute på jakt og frieri. Han kjem ikkje heim før ut på morgonkvisten for å få seg mat og kvile seg til neste økt.

Kattar er individualistar, sjølvstendige einstøingar som trivst best i eige selskap. Det er kanskje det vi beundrar mest hjå kattane, at dei stort sett gjer som dei vil. Vi ser opp til dei fordi dei er sjølvstendige og fri. Vi menneske har ansvar og plikter og kjenner ofte på at vi korkje har tid eller råd å gjere det vi vil.

Som gründer føler eg meg i slekt med katten. Eg har handla ut frå eigne ønskje fordi eg har trong til å skape. I løpet av åra eg har drive eiga verksemd, har eg tileigna meg kunnskap og erfaringar som no gjev meg ei indre ro og ein tryggleik på at ting ordnar seg. Akkurat som katten landar eg alltid på beina. Til sjuande og sist handlar det om å ha tru på og om å vere tru mot seg sjølv. Slik som Andrè Bjerke seier det:

Men når det som rørte ved deg gav tone. Når din egen puls gav rytme til handling. Når du var ett med det som sitret i deg. Da var du tro!

Utdrag henta frå Andrè Bjerke sitt dikt; du skal vere tro

Fridomskjensle

”Å vere tru mot seg sjølv er ei fridomskjensle”

Så med ein Jeger i full blomst oppfordrar eg deg til å gjere det som får deg til å kjenne på fridomskjensla, anten det er å gå seg ein tur på fjellet, realisere draumane dine eller å nyte ein kopp te i trappa.

Jegeren-bloggJegeren kan dekorerast på fleire måtar. Her har eg nytta greiner frå Sibir cornell. Den djupe raudfargen på greinene står godt til dei rosa georginene og den rosa hengelobeliaen. I tillegg dannar dei eit nettverk som plantane kan lene seg mot eller klatre etter. Ein klokkeranke er planta i krukka og etterkvart vil den slynge seg oppetter greinverket Eg har nytta kvit afrikalilje for å ta att den kvite krukka. Dette for å skape ei god heilheit.

Så for å lage ei god heilheit på blomsterarrangementet ditt bør du:

  • Velje ut ein farge du vil skal dominere.
  • Bygg ut fargane.
  • Dra ned fargen mot krukka ved hjelp av ein hengeplante
  • Varier høgdene på plantane du nyttar slik at alle vert godt synlege.
  • Ta att fargen i krukka.

Spenningar får du ved å bruke kontrastar i linjer, tekstur, fargar og former.

Lykke til!