1000-takk

Tusen takk til Yngve Borgund som har sveisa alle prototypane mine. Han må vere den mest allsidige bilmekanikaren i bygda. Han jobbar til vanleg på Bil og Hydraulikk AS på Nordfjordeid.

Takk til mentor Geir Arne Solheim for fantastisk god hjelp og oppbacking.

Takk til Vakn v/Magni Flyum som såg meg og som sette meg i gong med prosessen.
www.vakn.no

Takk til Nordfjord Vekst som har hatt trua på meg og ytt midlar slik at eg kunne få nytte dei flinkaste folka i bransjen til å lage meg ein profesjonell nettstad og profil. Eg håpar at eg i framtida kan gje noko tilbake i form av nye arbeidplassar i verksemda mi. At de i tillegg baud meg den fyrste mentor-hjelpa i nokre timar i ei kritisk fase, vart den utløysande faktoren som gav meg ny gnist til å fullføre prosjektet.
www.nordfjordvekst.no

Takk til Innovasjon Norge som allereie i 2006 gav meg støtte til å utvikle Mjau-kolleksjonen. Dette gav verksemda rom for å utvikle ideen.
Mentor-ordninga frå IN er det mest konkrete og beste tilbodet eg nokon gong har blitt tilbydd. Eg er utruleg takksam for at eg mottok denne støtta frå Innovasjon Norge.
www.innovasjonnorge.no

Takk til Frequency som har utvikla profilen og bygd opp nettbutikk til meg.
www.frequency.no

Takk til Veir media som laga animasjonsfilmen om Aristokatten.
www.veirmedia.no

Takk til Arve Borgund og Sjur Nesheim som har vore til uvurderleg hjelp over mange år. Og tusen takk til Kjell Einar, min livspartnar som støttar meg og som har hatt tru på meg heile vegen.