Møt Rintintin – speloppmakaren og gledespreiaren i hagen

Moodmakeren Rintintin står for livsglede.

Moodmakaren Rintintin har fått namnet sitt etter ein hund eg passa i oppveksten. Rintintin var dvergbulldogg og ikkje særleg vakker av utsjånad. Til gjengjeld var han full av sjarme og ein skikkeleg speloppmakar som elska nysteikte bollar. 

Rintintin var ofte heime hjå oss i helgane då eigaren var på reise. Eg syntes det var stas å lufte han då eg alltid  fekk so mykje merksemd. Alle eg møtte hadde ein kommentar og prata til meg som om dei kjende meg. Eg forstod raskt at eg hadde ein verdfull kommunikasjonsnykjel i Rintintin. Eg sa difor alltid ja, når eg vart spurt om å passe han.

Det hende at Rintintin fekk nokre tullebyger, vart spinnvill og stakk av. Ein av dei fyrste gongane eg passa han måtte eg stenge meg inne i ein telefonkiosk på Fina og ringe heim til mamma etter hjelp. Rintintin sto og glefsa oppetter kiosken då mamma kom syklande med nysteikte bollar. Då han fikk bolle av mamma roa han seg fort. Eg hugsar eg vart skikkeleg fornærma på han og ville ikkje ha noko med han å gjere. Heile resten av den dagen dilta han etter meg med senka hovud og triste auger, som for å syne meg at han angra seg. Eg prøvde lenge å oversjå han, men til slutt klarte eg ikkje å motstå det vemodige og såre blikket hans. Eg heiv meg rundt halsen hans og snart var det heile gløymt. Etter denne episoden var vi dei beste venene i verda.

Det har vore mange hundar i livet mitt etter Rintintin. Rocky, Tassen, Duncan, Buddy, Bamse I og Bamse II, Tinka og ikkje minst Emma. Alle hundar eigd av familie og gode vener. Hundane har alle gjort inntrykk på kvar sin spesielle måte. Felles er at dei alle har møtt meg med forventning og eit ope og godt sinnelag. Dei er nokre fine vesen hundane. Eg trur vi kan lære mykje av desse firbeinte venane våre om vi slepp dei inn i hjarta våre.

emma

Uansett kva utfordingar hunden har, så lograr han med halen og møter oss med forventning og glede. Det kan synes at hundar aldri har ein dårleg dag.

 

Hageskulpturen Rintintin   

Denne hageskulpturen har ei klo som du enkelt kan stikke i jorda anten det er i ei krukke eller i eit blomsterbedd. Ein kan nytte plantar i forskjellige høgder eller ein kan nytte ein klatreplante som veks oppetter hunden. Dersom ein nyttar låge plantar, for eksempel sukkulentar, kan ein kombinere desse med steinar, skjel og drivved. Konglar er òg supre som botndekke.

IMG_2302

Blodbegerplanten er blitt ein favoritt i hagen. Om du nyttar buljongtråd på kryss og tvers i kroppen, kan du styre veksten slik at planten dekker dei områda du ønskjer. Det er ein fordel at hovudet ikkje vert dekt til då det vil virke forstyrrande på utsjånaden. Blodbegerplanten står lenge utover hausten om du skjermar den mot kulda. Det kan du gjere ved å dekke planten med eit klede.  Om potta ikkje er for tung, kan du ta planten innomhus for å forlenge vekstsesongen.  Om hausten kan du plukke frø frå planten for å så dei i januar.