Kjøpsvilkår for moodmakers.no

Vi ber deg lese gjennom vilkåra for å handle på www.moodmakers.no. Ved kjøp av varer har du samtidig akseptert og godkjent gjeldande vilkår.

Registrering

For å kunne handle hjå www.moodmaker.no må du ha leveringsadresse i Norge. Vi leverer ikkje til Svalbard, Bjørnøya og Jan Mayen. Du vel om du ønskjer å registere deg hjå oss under ”min konto”. Registreringa er gratis og du pliktar ikkje å kjøpe. Vi lagrar opplysningane på ein sikker måte. Ta godt vare på passordet ditt.
Moodmakers inngår ikkje avtaler med mindreårige utan samtykke frå føresette. Bindande kjøpsavtale kan kun inngåast med personar over 15 år. Kredittkjøp kan kun gjennomførast av personer over 18 år.

 

Adresseendring

Du må sjølv endre adressa under «Mi adresse» på ”Min konto” om du flyttar til ein annan stad. Adressa du vel som standardadresse vil bli nytta som leveringsadresse ved kjøp i framtida. Når vi har registrert di innbetaling, sender vi alle pakkar til leveringsadressa som er lagra på ordren. Leveringsadresse vel du sjølv når du går til kassa. Endring av leveringsadresse kan du i tillegg gjere under «Min ordre» på «Min konto” før du går til betaling.

Betaling

Betalingsmetode kan du velje når du går til kassa. Du kan velje mellom desse alternativa:
• Betale med kort: Du blir vidaresendt til DIBS for betaling når du bekreftar bestillinga. Dette er ei sikker betalingsløysning. Kortopplysningar vert ikkje sendt vidare til nettbutikken. Beløpet vert reservert på kortet ditt og varene blir lagt i kø for pakking med ein gong du har utført betalinga. Du kan betale med desse korta: Visa og Mastercard.
• Betale kontant ved henting: Om du bur i Nordfjordeid eller i området rundt kan du hente varene dine direkte i butikken og betale kontant.
Vi sender ikkje varer i oppkrav.

Tilbud

Tilbud gjeld så langt lageret rekk.

Frakt

Levering med Posten/Bring Målet vårt er at alle kundane våre skal ha motteke varene 2-5 virkedagar frå innbetalinga er motteken. Vi leverar til heile Norge utanom Svalbard, Jan Mayen og Bjørnøya.

Pakkesporing

De fleste pakkane får eit sendingsnummer når vara blir pakka. Pakkesporinga viser ikkje informasjon med det same den blir sendt. Det er på grunn av at varene vert sendt i containerar til dei forskjellege postterminalane. Denne transporten tar gjerne ein til to dagar. Det vert ikkje registrert sporingsinformasjon før pakken er komen til postterminalen. Nokon varer kan verte sendt som brevpost. Desse breva er ikkje muleg å spore.

Hentemelding

Når pakken er komen på postkontoret får du tilsendt hentemelding på e-post. Hugs at Posten har 14 dagar hentefrist på pakkar.

Tyngre varer

Dei største hageskulpturane vert sendt med Bring. Bring kontaktar deg straks vara kjem til din heimstad.

Fraktprisar

Det Gylne Snitt har tre fraktgrupper, alt etter størrelse og volum på hageskulpturane:
Fraktgruppe 1: kr 100

Fraktgruppe 2: kr 250

Fraktgruppe 3: kr 350

Dersom pakken ikkje vert henta etter 14 dagar, får du tilsendt faktura med den reelle fraktkostnaden for returfrakt og for eventuell ny sending. Frakta vert reikna ut frå den prissona pakken skal sendast til, og kva vekt og volum pakken har. Små pakkar sendast normalt som brevpakke, medan større pakkar vert sende som Servicepakke med Bring AS.

Som kunde pliktar du å følgje med på status på di sending. Moodmakers.no er ikkje ansvarleg for utlevering av melding om at pakke er framkomen. Posten returnerer etter sitt system pakkar som ikkje vert henta etter 14 dager.

Dersom du ikkje hentar varene eller nektar å motta dei, vil varene bli returnerte til oss for di reikning. Du vil i slike tilfelle i tillegg bli belasta med eit gebyr på kr. 200,- frå det innbetalte beløpet i tillegg til returfrakt etter Posten sine satsar. Opprinneleg frakt blir ikkje kreditert.

Dersom du ber Posten om å returnere vara, samt at du melder frå til oss på førehand om at du nyttar deg av angreretten innen fristen, skal du kun betale for returkostnaden.

Skader på vara

Varer som er skada etter sending med Posten må visast fram på postkontoret og ei skademelding må fyllast ut.
Vareinformasjon Moodmakers.no gjer sitt beste for å gje deg korrekte opplysningar kring produkta vi sel. Moodmakers.no tek likevel atterhald om feil produktbeskrivelse og tek òg atterhald om at det av ulike årsaker kan bli tomt på lageret.

Copyright

Innhaldet på www.moodmakers.no er Det Gylne Snitt Blomsteratlerier AS sin eigedom. Innhaldet er beskytta etter opphavsrett, marknadsførings- og varemerkelovgjevnad. Varemerkjer, firmanavn, produktnavn, informasjon om produkta, skildring av produkta, bilder/grafikk, design, layout og alt anna innhald på Moodmaker.no sine sider kan ikkje lastast ned, kopierast eller nyttast på annen måte, utan at det vert tillete etter lov eller etter samtykke frå Moodmakers.no og Det Gylne Snitt AS.

Reklamasjon og angrerett

Ta kontakt om det er noko du er misnøgd med.

Angrerett og angrefrist – generell informasjon

Forbruker må gje melding til seljar dersom angreretten nyttast. Frist for å angre kjøpet er 14 dager frå avtala er ingått. Vi ber om at du returnerer rett utfylt angrerettskjema innan 14 dagar dersom du ønskjer å angre kjøpet. Angreretten forutset at vara vert levert tilbake i vesentlig samme stand og mengde. Angreretten gjev næringsdrivande rett til å belaste kunde dersom produktet er påført ein verdireduksjon som følgje av bruk utover det nødvendige for å slå fast vara sin art, eigenskap og/eller funksjon. (Jamfør lov om Angrerett §25).

Reklamasjon – generell informasjon

Dersom det er vesentlege feil eller manglar ved vara, må forbrukaren innan rimeleg tid etter at han eller ho oppdaga eller burde ha oppdaget den, gje selgar skriftleg melding om at han eller ho har registrert mangelen. Fristen for å reklamere er likevel ikke kortare enn to måneder frå det tidspunkt då forbrukaren oppdaga mangelen. Reklamasjon må seinast skje to år etter at forbrukaren overtok produktet. Dersom forbrukaren ikkje reklamerar i tide, tapast retten til å gjere mangelen gjeldande. Dersom det er påvist ein mangel ved produktet, og forbrukaren har reklamert innen dei nemnde fristane, kan forbrukaren gjere gjeldande følgjande:
• Halde kjøpesummen tilbake
• Under visse høve velje mellom retting og omlevering
• Kreve heving av kjøp dersom mangelen ikkje er uvesentlig
• Kreve erstatning
Som hovudregel har seljaren ikkje krav på å gjere meir enn to forsøk på retting eller omlevering for samme mangel.

Har du fleire spørsmål om angrerett, angrefrist eller reklamasjonar, kan du ta kontakt på firma@moodmakers.no.

Verneting

Ved en eventuell tvist aksepterer begge parter Nordfjord Tingrett som verneting. Dette iht. Tvisteloven § 4-6 – Avtalt verneting er Nordfjord Tingrett

Dine personopplysningar er trygge hjå oss

Når du kjøper varer på nettbutikken til Det Gylne Snitt vert blant anna namn, adresse og e-postadresse lagra hjå oss. Dette er informasjon vi treng for å levere varene til deg, samt kontakte deg i samband med bestillinga. Vi er pålagde å oppbevare informasjonen i samband med rekneskapsføring, avgifter og ved eventuelle saker som gjeld garanti og retur av varer.

Av hensyn til sikkerheita krypterar vi alle bankkontonummer som vert lagra hos oss. Kredittkortnummer vert ikkje lagra hos oss, men hos vår betalingspartnar NETS. Det er for å sikre ei effektiv handtering av eventuelle problem med belastning, oppheving av reservasjon og kreditering.

Vi samlar òg inn loggdata. Desse vert lagra og nytta for å finne ut kva kategoriar og produkt våre kundar klikkar på eller søkjer etter. Vi ønskjer å lære om kva våre kundar er opptekne av, samt gjere produktutval og tilbod betre. Denne informasjonen nyttast òg for å kunne gjere det muleg å vise deg relaterte produkt, eller sende deg relaterte tilbod som du ber om å få tilsendt.

Nettsida nyttar cookies.

Det Gylne Snitt AS sel ikkje, byter ikkje, eller vidareformidlar personopplysningar til tredjepart. Dei nødvendige opplysningane vert nytta opp mot betalingspartnar og transportør for å kunne gjennomføre handelen.

www.moodmakers.no og Det Gylne Snitt AS ved dagleg leiar er ansvarleg for handsaminga av personopplysningar som er skildra over.