Katt nummer 6 ut av sekken

Møt Fløtepusen- katten som står for varme og omsorg

IMG_6362

Fløtepus

Den fyrste du møter når du kjem ut på terrassen om morgonen er Fløtepusen. I lag med morgonsola strålar han varme og kjærleik. Han vil at vi skal bry oss, ta vare på familien, dyrke venskap og vere raus med dei vi omgjev oss med.
Fløtepusen er med sitt vinnande vesen folkeleg, trufast og selskapsjuk. Han oppnår det han ønskjer med sin medfødde sjarm. Han held hagen fri for plagsomme mus og gjer alt for å blidgjere eigaren sin.
Fløtepusen er den siste i rekka av kattar frå Mjau-kolleksjonen. Han har kanskje eit av dei viktigaste bodskapa å kome med. Akkurat som Per Fuggeli seier: ”Bry deg om flokken din”, så er Fløtepusen ei visuell påminning om det same.  Etter at eg byrja å utvikle Moodmaker-konseptet fall mykje på plass. Eg såg at eg kunne knyte mine eigne verdiar og levereglar i hop med kattane slik at dei vart noko meir enn berre hageskulpturar. No har alle kattane fått kvar si stemning og ein viktig bodskap å formidle i tillegg til at dei pyntar opp i hagen. Alle kattane er no slept ut av sekken. Eg håpar dei vil pynte opp og spreie glede over alt der dei kjem 🙂

Fløtepus-sløyfe-luft

Her har Fløtepusen fått ei tverrsløyfe på seg, ein hyllest til Per Fuggeli.

 

”Bry deg om flokken din” seier Per Fuggeli. Fløtepusen er ei visuell påminning om det same.


 

 

Slik går du fram:

Ei høg smal krukke passar godt til denne katten. Bruk buljongtråd for å lage eit nettverk i kattekroppen som planten kan vekse etter. Buljongtråd er ein tynn streng som egnar seg godt til å vikle fast plantar i stativ. Buljongtråden festast i stativet og viklast på kryss og tvers i kattekroppen og på halen, sjå bilde 1. Buljongtråd får du kjøpt i nettbutikken.
Fyll opp ca 2/3 av krukka med leca/grus. Legg på ein duk, deretter litt jord. Plasser stativet i jorda. Skill rankene midt i planten og plasser den heilt inntil stativet. Rankane vert då fordelt på kvar side av stativet. Dei lengste rankane puttar du innimellom trådane til dei fyller heile kroppen. Sikre planten i stativet ved å surre eit par ekstra omgongar. Samtidig festar du dei korte rankane så dei vert med i forma. Når du har ei tydeleg og fast form, festar du tråd-enden til stativet og klipper av ståltråden med ei tang.

På illustrasjonsbileta under, har eg nytta Muehlenbeckia, Pletter i luften.  Det er ein potteplante som trivst like godt ute som inne i sommarhalvåret. Den er ikkje vinterherdig. Den tåler å tørke, men treng regelmessig tilgong på vatn. I tillegg har eg nytta ein mørk rosa Asters for å kvikke opp og for å tilpasse arrangementet til sesongen. Brun krukke i kombinasjon med ein typisk haustblomst i rosa, gjev det uttrykket eg vil formidle. Sommeren er på hell og hausten byr på mange spennande fargekombinasjonar.

På den fyrste  katten som er avbilda i bloggen, har eg nytta gul vandrefredløs. Det er ein hengeplante som eg no får til å vekse motsett veg i katteskulpturen. Det er ei staude som gjev eit frodig uttrykk i løpet av sommarsesongen. Kombiner gjerne med ein annan hengeplante for å få litt farge på plantearrangementet. Her har eg nytta blå hengelobelia.

Sjølv om Fløtepusen er stillferdig og ikkje gjer så mykje av seg, krev han likevel å bli sett. Han er lett å integrere både i hagen og på terassane. Han er ikkje så stor og kan lett takast inn om vinteren. (Bruk då leca til drenering og ikkje stein, så vert krukka lettare å flytte.) Fløtepusen vil gjere seg like godt i stova som ute. Tek du utekrukker i hus, må du hugse å verne parketten. Kondens under krukka kan førekome om du ikkje har lufting mellom krukka/fatet og golvet.collage