Katt nummer 5 ut av sekken

 

Møt Sofaslitaren – Livsnytaren som vil minne deg på å slappe av.

Sofaslitaren-hovud

 

Han gjev deg godt samvit, Sofaslitaren, der han kroar seg ved sidan av deg i solstolen. Det er ferietid og hagen er rette staden å nyte livet. Omgitt av alt det grøne vert du rolig, avslappa, harmonisk og mild.
Å leve i år 2000 krev mykje av eit menneske. Vi skal fikse det meste og halde oss oppdaterte på alle område. Miksen av alle desse rollene som ein skal meistre, kan lett føre til stress og i verste fall utslag av utmatting. Heile den tida vi er vakne utset vi oss i tillegg for støy i form av lydar og visuelle inntrykk. Det vert lite rom for stillheit i ein hektisk kvardag.
Katten bryr seg fint lite om det er støy og ståk rundt han. Han evnar å koble av når han sjølv vil det. Har han fyrst innteke godstolen, gidd han ikkje løfte blikket eingong, sjølv om du lokkar med mat og andre godsaker. Har ein siesta så har ein siesta.
Å kvile, er noko av det viktigaste vi kan gjere for oss sjølve. Logge av mentalt og nullstille oss. Det er nettopp dette Moodmakeren Sofaslitaren vil formidle. Han vil at du skal stoppe opp og ta deg tid til å roe ned og nettopp nyte livet. Bli ett med deg sjølv og ta livet inn gjennom sanseapparatet.
Sommar er ikkje berre ferietid. Mange har prosjekt i form av måling av hus, legging av nytt tak, prosjekt som gjerne er avhengig av opphaldsvèr. Med få soldagar er det fort gjort at alle dagane går med til arbeid. Då er det ekstra viktig å snike inn nokre pausar i hengekøya og tenke; tida går ikkje, tida kjem…….

Sofaslitar2

”Frå dovenskap fødes kreativiteten. Det er når din sjel får ro, at den kan få vingar” ukjent

 

 

Slik går du fram:
Sofaslitaren er ein tredimensjonell hageskulptur. Han kroar seg i ein svak boge. Ei avlang smal krukke eller ei litt stor rund krukke kan passe godt til denne katten. Fyll opp krukka med leca eller grus. Lat det vere att ca 30 cm til jord som du tilset langtidsgjødsel. Plasser katten oppi krukka så den står stødig. Plant til med dei plantane du ønskjer og får plass til. Om du brukar litt buljongtråd kan du lage eit nettverk mellom ryggvirvlane til katten, slik at det er lettare å få ein plante til å vekse over mellomromma. Ein kan til dømes nytte hengebjørk som er lett å forme om ein ønskjer ein litt fyldigare katt. Om ein nyttar blodberger slik eg har gjort, tek det litt tid før planta veks seg stor nok til å dekke katten. Når denne planten fyrst skyt fart og kjem i blomst, gjev den til gjengjeld eit frodig og vakkert uttrykk som varer til langt ut på hausten.
Andre plantar som kan vere aktuelle å nytte på Sofaslitaren er til dømes: pasjonsblomst, hengelobelia, sølv wasserfall, gul vandrefredløs, ynde og eføy.

IMG_6490Sofaslitaren-frodig