Katt nummer 4 ut av sekken

Møt Globetrottaren – nysgjerrigperen med utferdstrang

Glob 3

Globetrottaren, med ein kropp forma som ein globe, vil han minne deg på å vere nyfiken. Han vil at du skal undre deg, stille spørsmål, oppdage, avsløre og utforske livet.
Når vi ikkje spør lenger har vi mista noko viktig i oss. Spørsmål kan sprenge grenser. Dei får oss til å sjå ting på ein anna måte, dei inspirerer oss til å halde fram med å oppdage. Dei kan få oss til å undre oss igjen, slik som vi gjorde som barn. Den gode, vare kjensla som ikkje nødvendigvis treng eit svar. Å vere nyfiken er ei drivkraft. Den gjev oss energi og gjer oss meir levande og kreative.
Når vi er nyfikne, er vi opne. Vi er på vakt, vi observerer og lyttar. Ein nyfiken katt markerer dette med ei aktiv kroppshaldning, der hovudet er lett på skakke. Han har vidopne auge og spisse øyrer. Den utfordringa han står ovanfor skal løysast, og problemet blir ordna, akkurat så elegant som berre ein katt kan .
Mange vaksne gløymer å leike. Har ein barn, blir ein gjerne utfordra til å leike. I leiken gløymer vi lett tid og stad. Dersom ein har kreativt arbeid eller styrer med noko ein elskar å gjere, kan ein oppleve det same. Ein kjenner at ein har full kontroll og at ein kan halde på med arbeidet i det uendelege.

 

«Ein katt i leik er ei fryd å observere. Den har ingen hemningar, han er fri, nysgjerrig og tilstades i leiken»

 

Det er så lett å ta strake vegen beint fram når vi skal noko. Ein hastar av garde og tek raskaste vegen mellom A og B. Sjølve reisa er utan betyding og ein kan gå glipp av verdfulle opplevingar. Sidevegane, avsporingane og impulshandlingane kan alle leie deg ut på spennande eventyr og gjere livet ditt rikare. Skal ein ta ei avsporing, må ein skubbe fornuften til sida. Den fortel deg nemleg at du ikkje har tid eller at handlinga vil få ein uheldig konsekvens. Å vere ufornuftig kan av og til vere fornuftig 🙂

 

”Vi fortsetter fremover, åpner nye dører og gjør nye ting fordi vi er nysgjerrige, og nysgjerrighet leder oss på nye veier.” Walt Disney.

 

moodmakers-det-gylne-snitt

 

Slik går du fram:
Finn ei romsleg krukke til Globetrottaren. Fyll opp krukka med leca/singel. Legg på ein duk for å unngå jord i dreneringslaget. Plasser Globetrottaren slik at den nederste kurva på kattekroppen er jamn med kanten på krukka. Merk at globetrottaren vert mest elegant om diameteren på krukka ikkje er større enn diameteren på katten sin kropp. Plant planten mellom beina på katten. Bruk god plantejord tilsett langtidsgjødsel. Vikle planten oppetter globen og nedatt på andre sida om planten er lang nok. Etter kvart som planten veks og dekker ”skjelettet” kan du krysse og la greinene vekse horisontalt og vertikalt. Brukar du eføy slik som eg har gjort, er det ikkje rom for andre plantar. Eføyen vert for dominerande. Ein morosam effekt, kan vere å pynte med nokre fuglar inne i magen eller henge nokre kuler for å setje farge på arrangementet. Lykke til!