Gründer og
det gode liv

Å vere gründer i ei lita bygd, i Sogn & Fjordane i 2015 er lykke. Her kan ein realisere draumane sine.

Eg vart fødd i ei lita bygd. Inst i ein vakker, rein fjord. I Norge. I fredstid i 1969. Enn om eg hadde vakse opp i eit land i krig, der kvinnene ikkje er verd noko. Mange av oss som er fødd inn i denne tida har fått ein sjanse til å leve gode liv. Det er ei gåve som vi kan bruke til noko bra. Då handlar det om å kjenne seg sjølv godt og vere tru i samband med eigne mål og verdiar. Bruk talentet ditt – bruk alle sjansar du har til å utvikle deg som menneske!

Truleg blir vi betre menneskje av å jobbe med det vi trivast best med. Dersom ein går i djupna, finn essensen av det vi elskar å drive med, så kan det til og med bli ein arbeidsplass ut av det.
Det kan vere lettare å starte noko på ein liten plass fordi ein er meir synleg. I ein stor by har ein kanskje ikkje det apparatet som kan styrkje prosjektet og gje det fart. I bygda blir alle som har lyst til å skape noko høyrde. Det fins hjelparar i form av gode vener, familie, likesinna, vekstselskap, næringsutviklarar m.m.

Eg tenkjer at statistisk sett er det min tur å lykkast med verksemda mi. Eg har jobba trutt i mange år, har omstilt meg, tilpassa meg endringane i marknaden og nye tider. Den utfordringa tok eg. Difor kan eg no presentere Moodmaker-konseptet! Eit nytt produkt for hus og hage. Eg tek sats, og akkurat som katten, har eg tenkt å lande på beina.