Fyrste katten ut av sekken!

Hei, møt Jegeren.

Han er den fyrste katten som kom til på Det Gylne Snitt. Med si tydelege form, klare trekk og enkle uttrykk, er han ein leiken katt som du kan ha mykje moro med.

Jegeren er ein påminnar om å kjenne på fridomskjensla si. Han sjølv elskar sin fridom og er ofte ute på jakt og frieri. Han kjem ikkje heim før ut på morgonkvisten for å få seg mat og kvile seg til neste økt.

Kattar er individualistar, sjølvstendige einstøingar som trivst best i eige selskap. Det er kanskje det vi beundrar mest hjå kattane, at dei stort sett gjer som dei vil. Vi ser opp til dei fordi dei er sjølvstendige og fri. Vi menneske har ansvar og plikter og kjenner ofte på at vi korkje har tid eller råd å gjere det vi vil.

Som gründer føler eg meg i slekt med katten. Eg har handla ut frå eigne ønskje fordi eg har trong til å skape. I løpet av åra eg har drive eiga verksemd, har eg tileigna meg kunnskap og erfaringar som no gjev meg ei indre ro og ein tryggleik på at ting ordnar seg. Akkurat som katten landar eg alltid på beina. Til sjuande og sist handlar det om å ha tru på og om å vere tru mot seg sjølv. Slik som Andrè Bjerke seier det:

Men når det som rørte ved deg gav tone. Når din egen puls gav rytme til handling. Når du var ett med det som sitret i deg. Da var du tro!

Utdrag henta frå Andrè Bjerke sitt dikt; du skal vere tro

Fridomskjensle

”Å vere tru mot seg sjølv er ei fridomskjensle”

Så med ein Jeger i full blomst oppfordrar eg deg til å gjere det som får deg til å kjenne på fridomskjensla, anten det er å gå seg ein tur på fjellet, realisere draumane dine eller å nyte ein kopp te i trappa.

Jegeren-bloggJegeren kan dekorerast på fleire måtar. Her har eg nytta greiner frå Sibir cornell. Den djupe raudfargen på greinene står godt til dei rosa georginene og den rosa hengelobeliaen. I tillegg dannar dei eit nettverk som plantane kan lene seg mot eller klatre etter. Ein klokkeranke er planta i krukka og etterkvart vil den slynge seg oppetter greinverket Eg har nytta kvit afrikalilje for å ta att den kvite krukka. Dette for å skape ei god heilheit.

Så for å lage ei god heilheit på blomsterarrangementet ditt bør du:

  • Velje ut ein farge du vil skal dominere.
  • Bygg ut fargane.
  • Dra ned fargen mot krukka ved hjelp av ein hengeplante
  • Varier høgdene på plantane du nyttar slik at alle vert godt synlege.
  • Ta att fargen i krukka.

Spenningar får du ved å bruke kontrastar i linjer, tekstur, fargar og former.

Lykke til!