Møt moodmakeren Fjordingen – den hippe og kule matadoren i hagen.

 

 

Med sin heraldiske framtoning minner moodmakeren Fjordingen oss på røtene våre.

Fjordhesten vert reikna for å vere ein av dei eldste hesterasane i verda. Den har sterke røter til Vestlandet og har såleis vore ein viktig samarbeidspartner som har vore med på å byggje landet vårt. Dagens fjording er eit resultat av meir enn 2000 års vestlandsk temjing og avl. Mest sannsynleg stammar han frå den mongolske villhesten Przewalskij som heldt til på steppene i Midt Asia.

Fjordhesten har hatt lite innblanding frå andre hesterasar og har difor behalde mange av dei ’primitive’ teikna som ein elles berre finn hjå ville hesteraser. Fjordhesten har sju slike urteikn, noko som gjer han unik.

Eit dyr som har betydd mykje i avlen blir kalla ein matador. Njål 166 vert rekna som fjorhestens far og har hatt stor innflytelse på rasen. Andre matadorer er Gange Rolv I 42 og Håkon Jarl 645.

I vikingtida var fjorhesten nytta til å trekke vikingskip anten det skulle sjøsetjast eller dragast over eit fjell. Dei brukte han som framkomstmiddel, til underhaldning eller til å ri på i strid. Ei arv frå vikingane vi framleis nyttar, er å klippe manen slik at den blir ‘ståande’.

Fjordhesten har gått frå å vere ein traust, tålmodig og arbeidsam travar, til verte ein hipp og spenstig uimotståeleg sjarmør

Sjølvsagt var Disneyfilmen Frost med på å byggje opp under denne nye imagen til hesten, men grunnlaget var alt lagt. Dei siste 40 åra har fjordhesten vore brukt både i sprang, dressur og køyring med vogn. Innanfor desse greinene av hestesport krevst det god kjemi og sterke band mellom ryttar/kusk og hest. Ein kan vel seie at den nye tida for fjordhesten starta då Anders Lefdal realiserte draumen sin om eit eige Fjordhest senter på Nordfjordeid. Hest med ryttar vart eit vanleg syn i sentrum og ein kunne oppleve fartsfylte show med akrobatikk på hesteryggen. I kjølvatnet av dette kom det hesteline ved Fjordane folkehøgskule.

Fjordhesten har alltid hatt god kjemi med mennesket. Fordi den har vore open, tillitsfull, sterk og villig til å samarbeide, så har han vore uerstatteleg som arbeidskraft fram til traktoren overtok på byrjinga av 50-tallet.

Viljestyrke og pågangsmot er grunnleggande eigenskapane som gjer både hest og folket i fjordane til fjordingar.

 

Les meir om fjorhesten på http://www.norsk-fjordhestsenter.no/

Slik går du fram for å dekorere Fjordingen:

Bruk buljongtråd på kryss og tvers i hestehovudet. Plasser hesten i ei høg, gjerne litt smal krukke. Plasser steinar på og kring foten på stativet slik at det vert ståande beint og stødig. Legg på ein duk og fyll på med jord, ca 30-40cm. Bruk til dømes ein pasjonsblomst, ca 1,5-2 meter lang, og vikl den oppetter stammen på hesten. Smett rankane inn mellom buljongstrengen i hovudet og surr etter for å forsegle planten. Lat planten utfalde seg inne i hovudet på hesten. Kjem planten utanfor er det lett at hestehovudet forsvinn. Etter kvart som planten veks, held ein fram med å smette rankane inn mellom strengen. Ein kan òg late den vekse nedover att i stammen slik at stammen får eit kraftigare uttrykk. Plant gjerne nokre låge plantar nedst i krukka for setje farge på blomsterarrangementet. Andre klatreplantar som kan eigne seg er til dømes thunbergia, klokkeranke, blodranke og eføy. Av lave plantar kan du til dømes nytte ein kombinasjon av hengelobelia, spansk margeritt og solknapp.

 

 

Møt Rintintin – speloppmakaren og gledespreiaren i hagen

Moodmakeren Rintintin står for livsglede.

Moodmakaren Rintintin har fått namnet sitt etter ein hund eg passa i oppveksten. Rintintin var dvergbulldogg og ikkje særleg vakker av utsjånad. Til gjengjeld var han full av sjarme og ein skikkeleg speloppmakar som elska nysteikte bollar. 

Rintintin var ofte heime hjå oss i helgane då eigaren var på reise. Eg syntes det var stas å lufte han då eg alltid  fekk so mykje merksemd. Alle eg møtte hadde ein kommentar og prata til meg som om dei kjende meg. Eg forstod raskt at eg hadde ein verdfull kommunikasjonsnykjel i Rintintin. Eg sa difor alltid ja, når eg vart spurt om å passe han.

Det hende at Rintintin fekk nokre tullebyger, vart spinnvill og stakk av. Ein av dei fyrste gongane eg passa han måtte eg stenge meg inne i ein telefonkiosk på Fina og ringe heim til mamma etter hjelp. Rintintin sto og glefsa oppetter kiosken då mamma kom syklande med nysteikte bollar. Då han fikk bolle av mamma roa han seg fort. Eg hugsar eg vart skikkeleg fornærma på han og ville ikkje ha noko med han å gjere. Heile resten av den dagen dilta han etter meg med senka hovud og triste auger, som for å syne meg at han angra seg. Eg prøvde lenge å oversjå han, men til slutt klarte eg ikkje å motstå det vemodige og såre blikket hans. Eg heiv meg rundt halsen hans og snart var det heile gløymt. Etter denne episoden var vi dei beste venene i verda.

Det har vore mange hundar i livet mitt etter Rintintin. Rocky, Tassen, Duncan, Buddy, Bamse I og Bamse II, Tinka og ikkje minst Emma. Alle hundar eigd av familie og gode vener. Hundane har alle gjort inntrykk på kvar sin spesielle måte. Felles er at dei alle har møtt meg med forventning og eit ope og godt sinnelag. Dei er nokre fine vesen hundane. Eg trur vi kan lære mykje av desse firbeinte venane våre om vi slepp dei inn i hjarta våre.

emma

Uansett kva utfordingar hunden har, så lograr han med halen og møter oss med forventning og glede. Det kan synes at hundar aldri har ein dårleg dag.

 

Hageskulpturen Rintintin   

Denne hageskulpturen har ei klo som du enkelt kan stikke i jorda anten det er i ei krukke eller i eit blomsterbedd. Ein kan nytte plantar i forskjellige høgder eller ein kan nytte ein klatreplante som veks oppetter hunden. Dersom ein nyttar låge plantar, for eksempel sukkulentar, kan ein kombinere desse med steinar, skjel og drivved. Konglar er òg supre som botndekke.

IMG_2302

Blodbegerplanten er blitt ein favoritt i hagen. Om du nyttar buljongtråd på kryss og tvers i kroppen, kan du styre veksten slik at planten dekker dei områda du ønskjer. Det er ein fordel at hovudet ikkje vert dekt til då det vil virke forstyrrande på utsjånaden. Blodbegerplanten står lenge utover hausten om du skjermar den mot kulda. Det kan du gjere ved å dekke planten med eit klede.  Om potta ikkje er for tung, kan du ta planten innomhus for å forlenge vekstsesongen.  Om hausten kan du plukke frø frå planten for å så dei i januar.

Hjertet- det vakraste symbolet i vår tid

Uavhengig av religion, livssyn og verdisyn er hjertet det symbolet vi i vår tid kan samlast kring. Vi brukar hjertet i sorg, glede, til kvardags, bryllaup og fest.
Hjertet er kjensler, medan fornuften kjem frå hjerna. I det moderne samfunn symboliserar hjerte kjærleik og romantikk.

Moodmakeren; hjertesymbol skal minne deg på at kjærleiken er ein ein kreativ prosess, eit kunstverk som du skapar kvar dag i lag med dei menneska du set høgt og er glad i.

 

Hjerteibryllup

Mariann Midthjell og Jan Arve Holmøyvik vart vigde ved Hornindalsvatnet sommaren 2016

Det er viktig at nokon har tid, lyttar til oss, ser oss og løftar oss. Når nokon spreier glede og entusiasme kan ein lett bli inspirert til både å endre haldning og kanskje til og med kurs i livet. Når nokon gjev av seg sjølv, kan det føre til at andre blomstrar.
Det er få som dansar gjennom livet og som ikkje oppleve kriser eller motbør. Nokon har motgang heile tida. Den kan opplevast ulikt frå menneske til menneske og nokon vert hardare ramma enn andre. Dei som meistrar å snu motgangen til noko positivt, viser styrkje det står stor respekt av. Det er tusenvis av kvardagsheltar kring oss, om vi prøver å sjå dei. Eit blikk, eit smil, ein kommentar, ei hand, ein klem er handlingar som kan gjere dagen betre for nokon.

Klemmekrok
I Eidsgata på Nordfjordeid, der eg kjem frå, har vi ein eigen klemmekrok. I kroken står det eit Moodmaker-hjerte i lag med ein benk. Set du deg på benken, så er sjansen for å få ein klem frå ein som kjem forbi stor. Det er stor klemme-fare i Eidsgata året rundt!

 

”Ver med å spreie klemmeglede i kvardagen”, er bodskapen til klemmekroken.

Hjertet er forma i 3D med aluminiumstreng. Kvart vår vert det planta ein ny pasjonsblomst som får utfalde seg i stativet til langt utpå hausten. Bildet er lånt frå Klemmekroken si Facebookside.

Hjertet er forma i 3D med aluminiumstreng. Kvart vår vert det planta ein ny pasjonsblomst som får utfalde seg i stativet til langt utpå hausten. Bildet er lånt frå Klemmekroken si Facebookside.

Korleis dekorere eit Moodmaker-hjerte
Til bruk ute bør ein nytte ekte greiner eller streng for å skape eit svulmande hjerte . Sibir cornell har ein lekker raud farge når dei er ferske. Cornell -og pil-greiner er lette å forme og knekk ikkje når du set greinene i spenn.

 

IMG_6390Eit svulmande hjerte med greiner skaper ein flott kunstverk i tillegg til å verte eit nettverk som plantane kan vekse i. I tillegg kan ein dekorere med lys-slynger for å skape stemning i hagen på kveldstid. Bruker ein lys-slynger til utebruk, kan ein ha hjertet opplyst for å skape julestemning i desember. Med eit opplyst hjerte vert det ein utelampe som ikkje berre skaper stemning, men har ein nyttig funksjon gjennom heile mørketida.
Lagar du ein greinkonstruksjon, har du i tillegg eit nettverk å feste reagensrør i dersom du vil dekorere hjertet ved spesielle anledningar. Med sjølvplukka roser frå hagen, kan du enkelt og raskt skape den rette stemninga for hagefesten.

hage 061

Eit moodmaker- hjerte kan du bruke i fleire samanhengar. Hjertet kan nyttast til bryllaup, fest eller som ein permanent dekorasjon i huset, hagen, på terrassen eller ved inngangspartiet. Om du vil ha hjertet innandørs, er det lurt å nytte kunstige greiner for å skape 3D-effekt. Ekte greiner vil tørke, tape farge og bli lause i kontruksjonen om dei oppheld seg innandørs over tid. Det er òg muleg å bestille hjerte ferdig laga frå nettbutikk både med ekte greiner og med kunstige greiner. Festar du reagensrør i greinene har du eit arrangement du enkelt kan dekorere med sesongens blomster for å skape stemning ved spesielle anledningar. Under ser du eit Moodmakerhjerte som er er pynta med orkiderankar frå Phalaenopsis orkideen. Sjå Instagram og bildegalleri for fleire eksempler på korleis Moodmaker-hjertet kan dekorerast.

 

 

Bilete er teke av fotograf Kristin Eide og er avbilda i brosjyra til Florence of Norway. Sjå www.fotografeneide.no og www.florencenorway.com

Set ditt personelege preg på moomakershjerte og send bilde til #moodmakersno

Katt nummer 6 ut av sekken

Møt Fløtepusen- katten som står for varme og omsorg

IMG_6362

Fløtepus

Den fyrste du møter når du kjem ut på terrassen om morgonen er Fløtepusen. I lag med morgonsola strålar han varme og kjærleik. Han vil at vi skal bry oss, ta vare på familien, dyrke venskap og vere raus med dei vi omgjev oss med.
Fløtepusen er med sitt vinnande vesen folkeleg, trufast og selskapsjuk. Han oppnår det han ønskjer med sin medfødde sjarm. Han held hagen fri for plagsomme mus og gjer alt for å blidgjere eigaren sin.
Fløtepusen er den siste i rekka av kattar frå Mjau-kolleksjonen. Han har kanskje eit av dei viktigaste bodskapa å kome med. Akkurat som Per Fuggeli seier: ”Bry deg om flokken din”, så er Fløtepusen ei visuell påminning om det same.  Etter at eg byrja å utvikle Moodmaker-konseptet fall mykje på plass. Eg såg at eg kunne knyte mine eigne verdiar og levereglar i hop med kattane slik at dei vart noko meir enn berre hageskulpturar. No har alle kattane fått kvar si stemning og ein viktig bodskap å formidle i tillegg til at dei pyntar opp i hagen. Alle kattane er no slept ut av sekken. Eg håpar dei vil pynte opp og spreie glede over alt der dei kjem 🙂

Fløtepus-sløyfe-luft

Her har Fløtepusen fått ei tverrsløyfe på seg, ein hyllest til Per Fuggeli.

 

”Bry deg om flokken din” seier Per Fuggeli. Fløtepusen er ei visuell påminning om det same.


 

 

Slik går du fram:

Ei høg smal krukke passar godt til denne katten. Bruk buljongtråd for å lage eit nettverk i kattekroppen som planten kan vekse etter. Buljongtråd er ein tynn streng som egnar seg godt til å vikle fast plantar i stativ. Buljongtråden festast i stativet og viklast på kryss og tvers i kattekroppen og på halen, sjå bilde 1. Buljongtråd får du kjøpt i nettbutikken.
Fyll opp ca 2/3 av krukka med leca/grus. Legg på ein duk, deretter litt jord. Plasser stativet i jorda. Skill rankene midt i planten og plasser den heilt inntil stativet. Rankane vert då fordelt på kvar side av stativet. Dei lengste rankane puttar du innimellom trådane til dei fyller heile kroppen. Sikre planten i stativet ved å surre eit par ekstra omgongar. Samtidig festar du dei korte rankane så dei vert med i forma. Når du har ei tydeleg og fast form, festar du tråd-enden til stativet og klipper av ståltråden med ei tang.

På illustrasjonsbileta under, har eg nytta Muehlenbeckia, Pletter i luften.  Det er ein potteplante som trivst like godt ute som inne i sommarhalvåret. Den er ikkje vinterherdig. Den tåler å tørke, men treng regelmessig tilgong på vatn. I tillegg har eg nytta ein mørk rosa Asters for å kvikke opp og for å tilpasse arrangementet til sesongen. Brun krukke i kombinasjon med ein typisk haustblomst i rosa, gjev det uttrykket eg vil formidle. Sommeren er på hell og hausten byr på mange spennande fargekombinasjonar.

På den fyrste  katten som er avbilda i bloggen, har eg nytta gul vandrefredløs. Det er ein hengeplante som eg no får til å vekse motsett veg i katteskulpturen. Det er ei staude som gjev eit frodig uttrykk i løpet av sommarsesongen. Kombiner gjerne med ein annan hengeplante for å få litt farge på plantearrangementet. Her har eg nytta blå hengelobelia.

Sjølv om Fløtepusen er stillferdig og ikkje gjer så mykje av seg, krev han likevel å bli sett. Han er lett å integrere både i hagen og på terassane. Han er ikkje så stor og kan lett takast inn om vinteren. (Bruk då leca til drenering og ikkje stein, så vert krukka lettare å flytte.) Fløtepusen vil gjere seg like godt i stova som ute. Tek du utekrukker i hus, må du hugse å verne parketten. Kondens under krukka kan førekome om du ikkje har lufting mellom krukka/fatet og golvet.collage

 

Katt nummer 5 ut av sekken

 

Møt Sofaslitaren – Livsnytaren som vil minne deg på å slappe av.

Sofaslitaren-hovud

 

Han gjev deg godt samvit, Sofaslitaren, der han kroar seg ved sidan av deg i solstolen. Det er ferietid og hagen er rette staden å nyte livet. Omgitt av alt det grøne vert du rolig, avslappa, harmonisk og mild.
Å leve i år 2000 krev mykje av eit menneske. Vi skal fikse det meste og halde oss oppdaterte på alle område. Miksen av alle desse rollene som ein skal meistre, kan lett føre til stress og i verste fall utslag av utmatting. Heile den tida vi er vakne utset vi oss i tillegg for støy i form av lydar og visuelle inntrykk. Det vert lite rom for stillheit i ein hektisk kvardag.
Katten bryr seg fint lite om det er støy og ståk rundt han. Han evnar å koble av når han sjølv vil det. Har han fyrst innteke godstolen, gidd han ikkje løfte blikket eingong, sjølv om du lokkar med mat og andre godsaker. Har ein siesta så har ein siesta.
Å kvile, er noko av det viktigaste vi kan gjere for oss sjølve. Logge av mentalt og nullstille oss. Det er nettopp dette Moodmakeren Sofaslitaren vil formidle. Han vil at du skal stoppe opp og ta deg tid til å roe ned og nettopp nyte livet. Bli ett med deg sjølv og ta livet inn gjennom sanseapparatet.
Sommar er ikkje berre ferietid. Mange har prosjekt i form av måling av hus, legging av nytt tak, prosjekt som gjerne er avhengig av opphaldsvèr. Med få soldagar er det fort gjort at alle dagane går med til arbeid. Då er det ekstra viktig å snike inn nokre pausar i hengekøya og tenke; tida går ikkje, tida kjem…….

Sofaslitar2

”Frå dovenskap fødes kreativiteten. Det er når din sjel får ro, at den kan få vingar” ukjent

 

 

Slik går du fram:
Sofaslitaren er ein tredimensjonell hageskulptur. Han kroar seg i ein svak boge. Ei avlang smal krukke eller ei litt stor rund krukke kan passe godt til denne katten. Fyll opp krukka med leca eller grus. Lat det vere att ca 30 cm til jord som du tilset langtidsgjødsel. Plasser katten oppi krukka så den står stødig. Plant til med dei plantane du ønskjer og får plass til. Om du brukar litt buljongtråd kan du lage eit nettverk mellom ryggvirvlane til katten, slik at det er lettare å få ein plante til å vekse over mellomromma. Ein kan til dømes nytte hengebjørk som er lett å forme om ein ønskjer ein litt fyldigare katt. Om ein nyttar blodberger slik eg har gjort, tek det litt tid før planta veks seg stor nok til å dekke katten. Når denne planten fyrst skyt fart og kjem i blomst, gjev den til gjengjeld eit frodig og vakkert uttrykk som varer til langt ut på hausten.
Andre plantar som kan vere aktuelle å nytte på Sofaslitaren er til dømes: pasjonsblomst, hengelobelia, sølv wasserfall, gul vandrefredløs, ynde og eføy.

IMG_6490Sofaslitaren-frodig

Katt nummer 4 ut av sekken

Møt Globetrottaren – nysgjerrigperen med utferdstrang

Glob 3

Les mer

Katt nummer 3 ut av sekken

Møt Gatas Skrekk, katten som står for viljestyrke

Denne katten skyt rygg, klar for å angripe ei kvar utfordring han måtte møte. Han er uredd, har full kontroll og er sjef. Nettopp dette vil Moodmakeren Gatas Skrekk minne deg på, at det er du som bestemmer og at du får til det du vil få til!

Gatas Skrekk veit kvar hen grensa går, for den har han lina opp og markert. Ingen kjem inn på hans territorium utan løyve.

Å setje grenser i eige liv kan vere vanskeleg. Det er så lett å la seg lede. For å klare å setje grenser i eige liv, må ein vere bevist på kva ein ønskjer, kva verdiar ein har og kva for mål ein har. Om ein ikkje har dette klart for seg, vert ein fort ein reiskap for andre sine impulsar. Brått har ein via livet sitt til å leve opp til andre sine forventingar.

Det hender at ein kan sjå kattar ta sats for å hoppe frå eit tak og ned på ei smal grein eller ein gjerdestolpe. Ein kan sjå at katten nøler eit sekund før han berre plutseleg bestemmer seg og tek spranget. Han landar kanskje litt i ubalanse, men hentar seg for inn att. At det var eit vågalt sprang er det ingen tvil om. Katten hadde ikkje klart det spranget om han sjølv ikkje hadde lyst og trudd på at han skulle klare det. Kattar er fulle av mot og viljestyrke. Vi kan lære mykje av å studere sjefen i gata.

Ein treng ein sterk vilje for å oppnå det livet ein ønskjer seg. Bak ein sterk vilje ligg det sjølvdisiplin, forsaking og evne til å tåle motgang. Ein bør tøye komfortsona si – utfordre seg sjølv litt. Prøve nye ting, anten det er å hoppe i fallskjerm eller å snakke i ei forsamling. Viljestyrke driv deg til å meistre.

Gatas Skrekk skal minne deg på at du får til det du vil få til. Ingenting er umuleg. Det umulege tek berre lengre tid. Så alt som du kan drøyme om, kan du gjere! Det er ingen grunn til å utsette ting. Hopp i det og lev livet ditt slik du vil det skal vere. Du er regissøren og vala er dine.

Framgangsmåte

Plasser Gatas Skrekk i krukka slik at den tverrgåande stonga kjem i høgde med toppen på krukka. Om krukka du har er veldig djup, kan du legge litt stein i botnen for å få skulpturen i rett høgde. Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel. Det kan vere spennande å feste på nokre greiner vrihassel for å gje ekstra volum til skulpturen. Om ein ikkje har tilgong på desse greinene, kan ein nytte pil, cornell og andre mjuke greiner som er lette å forme. Det fungerer òg fint utan greiner. Planten har tross alt ramma å klatre rundt.

Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel.

Fyll opp med stein slik at skulpturen står stødig. Legg på ein duk og fyll opp resten av krukka med god blomsterjord tilsett langtidsgjødsel.

Gatas skrekk -15

Gatas Skrekk

Pasjonsblomsten med sine klatre-eigenskapar er perfekt i desse skulpturane og det er fleire sortar å velje i. (Sjå innlegg om Aristokatten). Andre plantar som eignar seg kan til dømes vere, kaprifol, clematis og bergeføy. Nyttar ein desse plantane bør ein følgje opp plantane slik at dei ikkje tek overhand og dekkjer heile skulpturen. Litt beskjæring og litt hjelp til å klatre på rett plass, kan vere nødvendig. Ein kan òg merkje seg at både caprifol og bergeføy vil stele både næring og mykje plass i krukka. Det kan difor vere vanskeleg å kombinere desse plantane med andre vekstar dersom krukka ikkje er stor nok.

Hengeplantar i kombinasjon med halvhøge plantar gjev krukka ein frodig utsjånad. Fargepaljetten bestemmer du.

Har nytta blå hengelobelia, spansk margeritt og mulenbeckia – pletter i luften, i tillegg til pasjonsblomst.

Gatas-skrekk-greiner

Gatas skrekk

Corylus avellana contorta Vrihassel veks seint, men er ei super-spennade busk å ha i hagen. Greinene er som små kunstverk og kan anten nyttast aleine eller for å skape kontrastar og volum i blomsterarrangement. Meir om dette i seinare blogg-innlegg.

Corylus avellana contorta
Vrihassel veks seint, men er ei super-spennade busk å ha i hagen. Greinene er som små kunstverk og kan anten nyttast aleine eller for å skape kontrastar og volum i blomsterarrangement. Meir om dette i seinare blogg-innlegg.

 

 

 

Katt nummer 2 ut av sekken

Møt Aristokatten, Det Gylne Snitt-katten som står for sjølvtillit.

Aristokatten er sofistikert, trendy og elegant i sitt uttrykk. Han elsker merksemd og trivast der han blir lagt merke til. Difor vil han ta seg godt ut ved inngangspartiet ditt og ta imot besøkande på ein verdig og fin måte. Sjå meg, høyr meg, respekter meg, er bodskapen til denne katten.

Der er ein gjensidig respekt mellom kattar og menneskje, eit samspel som knyt sterke band. Huskatten får stort sett gå fritt omkring, vi har ingen dressur eller stiller ingen store krav til den. Likevel kan huskatten knyte seg like sterkt til menneskje som ein hund gjer, men dei kryp ikkje for nokon og let seg heller ikkje diktere. Når ein katt ønskjer noko gjev han beskjed. Det er vanskeleg å ignorere ein katt som ønskjer kos, mat eller merksemd. Den krev både å bli høyrd, sett og respektert.

Vi ønskjer å bli sett som dei menneska vi er, dei vi er bak fasaden. Difor er Aristokatten ein påminnar om at vi må våge oss utpå, vise oss fram og heve stemma. Kreve respekt for den vi er og ikkje late oss trakke på. Det er lov å vere litt konge og tru at ein er noko. Tore å vere seg sjølv. Menneskje som byr på seg sjølve er lette å like. Risikoen er ikkje såååå stor☺

Aristokatten er sjølvaste Det Gylne Snitt-katten. Han er utforma og inspirert av det gylne snitt.

Aristokatt-hovud

Det Gylne Snitt står for harmoni. Sei at du har ei linje som du deler i to deler, ein kort og ein lang del. For at du skal ha delt linja rett etter det gylne snitt, må forholet mellom den lange delen og hele linja vere det same som forholdet mellom den lange delen og den korte delen.

gylnesnitt

Utreikna i tal så er det gylne snitt kalkulert til å være 1,618. I eksempelet over vil det sei at den store delen er 1,618 ganger lengre enn den korte, medan heile linja er 1,618 ganger lengre enn den store delen.

Det Gylne Snitt finn vi att i naturen, til dømes i plantar, konglar, sneglehus, solsikker og til og med på kattar.

 

det-gylne.snitt

Ønskjer du å finne meir informasjon om det gylne snitt? Då kan du lese meir her: http://www.numerologensverden.no/fibonaccirekka-det-gylne-snitt-og-tallet-9

Framgangsmåte:

Aristokatten har ein høg stamme. Den er designa til ei høg krukke. Proporsjonane vert best om potta er cirka ein meter høg. Då kjem katten skikkeleg til sin rett.

Set skulpturen i krukka, fyll opp med stein rundt stammen slik at den står stødig. Bruk gjerne nokre tunge steinar og fyll opp cirka 2/3 av krukka. Legg på eit lag med aviser eller ein duk. Fyll på jord og plant dei plantane du ønskjer.

AristokattenAnbefalt plante: Pasjonsblomst- Passiflora caeruela

Pasjonsblomsten fins i mange forskjellege variantar. Det er ein tropisk klatreplante som likar mykje sol og varme, men den er meir hardfør enn kva ein kunne tru. Eg har veldig gode erfaringar med planten og har faktisk erfart å ha den ståande i hagen til langt ut på våren. Dette heng sjølvsagt saman med korleis vinteren er, og i utganspunktet tåler den ikkje frost, men vert det gradvis kaldare tilpassar den seg endringane godt.

Når du kjøper planten kjem den ofte vikla rundt ein bøyle. Løys planten forsiktig ved å tre den fram og tilbake gjennom bøyla. Når det er ei runde att, løyser du bøyla frå potta. Du har no ein plante som ofte er togreina og har ei lengde på over 2 meter. Ein perfekt plante til å vikle på Aristokatten. Den kortaste greina viklar du rundt halen og den lengste langs kroppen og opp mot hovudet. Etter kvart som planten veks viklar du berre vidare. Vert planten utsett for mykje vind, kan det vere lurt å feste den med litt bast på endane for å sikre planten. Bruk god plantejord og tilsett langtidsgjødel i jorda. Du vil oppleve rik blomsting gjennom heile sesongen og langt utover hausten. Pasjonsblomsten elskar å slynge seg rundt dette stativet. Det er ein fryd å oppleve samspelet. Når ein plantar so tett, er det viktig å vatne ofte, spesielt i varme, tørre periodar. Her er det i tillegg til pasjonsblomst nytta tofarga mini-surfina og rosa margeritt. Det er viktig at forma til katten kjem fram. Unngå difor høge plantar, men bruk heller ein kombinasjon av lave plantar og hengeplantar i tillegg til klatreplanten som veks oppetter sjølve skulpturen.

Symbolikk:
Frå latin: Passio, liding, og flos, blomst.

PasjonsblomstDet var en spansk oppdagar og misjonær i Sør-Amerika som satte navnet pasjonsblomst på planteslekta Passiflora. Den katolske misjonæren meinte at blomsten symboliserte Jesu korsfesting. Tre arr på griffelen representerte dei tre naglane som blei brukte for å feste Jesus til korset. Dei fem støvbærarane sto for dei fem såra på kroppen, medan den flotte kransen av kvite og purpurfarga filament som omkransar dei indre delane av blomsten liknar den legendariske tornekrona.

Ti kronblad symboliserte dei ti trofaste apostlane (Peter og Judas var utelatne fordi dei svikta Jesus). Dei handforma blada og slyngtrådane viste handa og pisken til dei som anklaga Jesus. Blomsterfargane kvit og purpur var eit symbol for det reine og himmelen. Før blomsten opnar seg skikkelig kan den ligne på stjerna som blei sett av dei tre vise menn.

Fyrste katten ut av sekken!

Hei, møt Jegeren.

Han er den fyrste katten som kom til på Det Gylne Snitt. Med si tydelege form, klare trekk og enkle uttrykk, er han ein leiken katt som du kan ha mykje moro med.

Jegeren er ein påminnar om å kjenne på fridomskjensla si. Han sjølv elskar sin fridom og er ofte ute på jakt og frieri. Han kjem ikkje heim før ut på morgonkvisten for å få seg mat og kvile seg til neste økt.

Kattar er individualistar, sjølvstendige einstøingar som trivst best i eige selskap. Det er kanskje det vi beundrar mest hjå kattane, at dei stort sett gjer som dei vil. Vi ser opp til dei fordi dei er sjølvstendige og fri. Vi menneske har ansvar og plikter og kjenner ofte på at vi korkje har tid eller råd å gjere det vi vil.

Som gründer føler eg meg i slekt med katten. Eg har handla ut frå eigne ønskje fordi eg har trong til å skape. I løpet av åra eg har drive eiga verksemd, har eg tileigna meg kunnskap og erfaringar som no gjev meg ei indre ro og ein tryggleik på at ting ordnar seg. Akkurat som katten landar eg alltid på beina. Til sjuande og sist handlar det om å ha tru på og om å vere tru mot seg sjølv. Slik som Andrè Bjerke seier det:

Men når det som rørte ved deg gav tone. Når din egen puls gav rytme til handling. Når du var ett med det som sitret i deg. Da var du tro!

Utdrag henta frå Andrè Bjerke sitt dikt; du skal vere tro

Fridomskjensle

”Å vere tru mot seg sjølv er ei fridomskjensle”

Så med ein Jeger i full blomst oppfordrar eg deg til å gjere det som får deg til å kjenne på fridomskjensla, anten det er å gå seg ein tur på fjellet, realisere draumane dine eller å nyte ein kopp te i trappa.

Jegeren-bloggJegeren kan dekorerast på fleire måtar. Her har eg nytta greiner frå Sibir cornell. Den djupe raudfargen på greinene står godt til dei rosa georginene og den rosa hengelobeliaen. I tillegg dannar dei eit nettverk som plantane kan lene seg mot eller klatre etter. Ein klokkeranke er planta i krukka og etterkvart vil den slynge seg oppetter greinverket Eg har nytta kvit afrikalilje for å ta att den kvite krukka. Dette for å skape ei god heilheit.

Så for å lage ei god heilheit på blomsterarrangementet ditt bør du:

  • Velje ut ein farge du vil skal dominere.
  • Bygg ut fargane.
  • Dra ned fargen mot krukka ved hjelp av ein hengeplante
  • Varier høgdene på plantane du nyttar slik at alle vert godt synlege.
  • Ta att fargen i krukka.

Spenningar får du ved å bruke kontrastar i linjer, tekstur, fargar og former.

Lykke til!